Bergen Mandolinband slipper ny plate 1.mars!!
Den skal hete ”Til Skogen”.
Slippefesten og konsert skjer selvsagt på Gamla som de høsten 08 satte på hodet, med en forrykende hæla-i-taket av en forestilling som oppildna folk til å danse omtrent overalt.

Bergen-Mandolinband1-wBergen Mandolinband starta som ein vennegjeng rundt eit kjøkenbord i Bergen der alle delte den same kjærleiken for nettopp mandolin. Etter fleire år som gatemusikantar og spelemenn til dans og galskap, har bandet nå etablert seg på meir ordinære scenar. Rabulistane, poetane og gatemusikantane i Bergen Mandolinband insisterar på å vere eit vestlandsband sjølv om tre av fem medlemmer held til Oslo – i følge dei sjølv utan nokon særskild grunn. Dei fråtsar i «Old time-klassikerar» samstundes som dei skriv eige materiale ein stad mellom bluegrass og visefolk, og jodå- dei både speler og syng på Haugesundsdialekt.

Bergen-Mandolinband2-wGruppa har opparbeidd seg eit sterkt rykte som eit noko spesielt liveband. Frå bakgrunnen sin som gate – og festmusikkantar har dei lært seg kunsten å kommunisera med publikum.
På konsertar med Bergen Mandolinband blir det sprek musikk, vitsar frå scena og spørsmål frå salen i perfekt harmoni. Alt endar i ei syntese av salig stemning frå scena og frå salen.Bergen Mandolinband syng om ærlege arbeidsfolk og mislykka kjærleik. Songane er laga av bandet sjølv eller det er folkemusikk, skapt av generasjonar med amerikanske og norske bønder og arbeidsfolk.
www.myspace.com/bergenmandolinband

www.facebook.com/event